
Skjellbreia er det største vatnet i Bymarka. Det er brøyta turveg fram til vatnet, som er stengd for biltrafikk.
Adkomst
Den enklaste og vanlegaste adkomsten til Skjelbreia er via Leirsjøen og Lille Leirsjøen, noko som er ein fin tur over fleire vatn. Det er også turveg frå Lian, inn til Skjellbreia, med parkering ved Diket.
Generelt
På grunn av størrelsen kan det ofte vere varierande isforhold på Skjellbreia. Opp bakken på nordsida av vatnet ligg Grønnlia, ei serveringshytte som er åpen i helga, og onsdag ettermiddag/kveld. Turen frå Granåsen og opp til Grønnlia kan vere ein fin søndagstur på hausten før snøen har inntatt Bymarka. Sjå forøvrig beskrivelsen av Lille-Leirsjøen og Leirsjøen.
Data
Høgde over havet: 225 m
Sesong
Skjelbreia legg seg normalt i november. Bymarka er snørik, så sesongen kan vere kort.