
Lille-Leirsjøen ligg like ovanfor Leirsjøen. Høgdeforskjellen mellom vatna er berre 40 cm.
Adkomst
Den enklaste og vanlegaste adkomsten er via Leirsjøen. Avhengig av isforholda kan du kanskje gå eit stykke oppover elva mellom vatna før du må ta av skøytene og gå over land.
Generelt
Det er stri straum ved utløpet av Lille Leirsjøen, så her er det alltid åpent. Ved innløpet er det også ofte åpent, gjerne eit lite stykke ut på vatnet.
Lille Leirsjøen er ofte berre ein transportetappe på vegen frå Leirsjøen til Skjellbreia. For å fortsette oppover til Skjellbreia, er det vanleg å gå opp myrdraget mot nord, i vestenden av Lille Leirsjøen.
Data
Høgde over havet: 198 m
Sesong
Legg seg tidleg, normalt i november. Bymarka er snørik, så sesongen kan vere kort.