
Ysta og Insta Raudlivatn byr på tidleg is i idyllisk skogs- og åslandskap.
Adkomst
Ta av Gåssandvegen frå fotballbanen på Søfteland, til ein stor parkeringsplass ved Hatlelia, 500m før Ysta Raudlivatnet. Skal du til Insta Raudlivatnet når det ikkje er is på Ytsta, så følger du skogsvegen frå Hatlelia, på vestsida av vatnet. Det er også plass til nokre bilar ved osen, rett før brua.
Generelt
Isen legg seg ein god del tidlegare på Insta enn Ytsta Raudlivatnet, venteleg fordi det er grunnare og har minimalt med gjennomstrøyming. Vatnet er blant dei fyrste litt større vatna som legg seg i Bergens-området. Også Ytsta Raudlivatnet får is før dei fleste andre vatna i Osvassdraget. Ingen av bekkene som renn ut i vatna er store, bortsett frå den som renn frå Insta til Ytsta.
Insta Raudlivatnet er ein dryg kilometer langt og 300 m breitt, mens Ytsta er litt kortare. Det er ingen bebyggelse ved vatna, berre skog.
Data
Høgde over havet: 49-50 m
Sesong
Særleg Insta Raudlivatnet kan få skøyteis fleire gonger i løpet av vinteren.