Leirsjøen

Leirsjøen er eit av dei første, litt større, vatna som legge seg i Bymarka i Trondheim.

Adkomst
Det er enkel adkomst frå parkeringa i Granåsen, med 1 km spasertur opp til demningen i utløpet av Leirsjøen. Vegen opp til Leirsjødemningen kan være isete og svært glatt, og broddar kan ofte vere påkrevd.

Generelt
Leirsjøen er 1,5 km lang, ganske smal, og kan skilte med eit nes som blir kalla Gibraltar. På grunn av lengden på vatnet kan det vere varierande isforhold innover. Avhengig av vassføringa i elva frå Lille Leirsjøen kan det vere alt frå utrygg is utover vatnet frå innløpet, til at elva kan vere gangbar eit godt stykke oppover.

Ved demninga er det eit bobleanlegg, der er det alltid åpent vatn. Ofte kan det derfor vere tryggast å gå litt lengre inn før du går ut på isen.

Lille-Leirsjøen og Skjellbreia er ofte islagt samstundes som Leirsjøen. Å kombinere desse tre vatna gir ein fin tur, med serveringshytta i Grønnlia som eit fint turmål.

Data
Høgde over havet: 198 m

Sesong
Legg seg ganske tidleg, normalt i november. Bymarka er snørik, så sesongen kan vere kort.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: